I Gamle Lærdalsøyri ligg små og store hus slik dei alltid har gjort.
Som ved eit mirakel, vart miljøet spart i den store brannen som herja ei natt i januar 2014. Totalt brann 40 bygningar ned, tre av dei var verneverdige.
Les om Synneva Eris hus som var eitt av dei verneverdige husa som vart råka av brannen og som no er bygd opp att.
Ein seinsommarkveld gjekk vi gjennom gatene som tusenvis av turistar gjer kvart år. Vi fekk med oss ei rad bilete som minne om at vi snart må ta turen dit att.





