Bygde kopi av verneverdig hus

Sjølv med meir enn 60 års byggjeaktivitet bak seg, har ikkje Fretland Bygg AS nokon gong tidlegare bygd ein bustad som er kopi av eit meir enn 170 år gamalt hus.

Det er heller ikkje nokon andre hus byggmeisterfirmaet har levert som har ei så spesiell historie og som har fått så stor merksemd som Synneva Eris hus.

Det er no bygd opp att på ruinane etter det verneverdige huset frå 1840-åra. Det var blant dei 40 bygningane som gjekk tapt i storbrannen på Lærdalsøyri i januar for to år sidan.

Huseigar er ein ung mann som har arva det etter far sin. Han mista alt han eigde i brannen, alle minne frå far sin òg. Den ekstra tragiske historia fekk stor merksemd i TV og andre medier etter Lærdalsbrannen.

No har den unge eigaren fått attende ein kopi av huset, det er bygd med tre einingar, to i hovudhuset og ei i annekset.

Synneva Eris hus ser ut som om det alltid har stått her.
Synneva Eris hus ser ut som om det alltid har stått her.

 

 

 

Fleire er glade og nøgde

Huseigaren som sjølv vil bu med ein sambuar i annekset medan han studerer vidare på Høgskulen i Sogn og Fjordane, leiger ut dei to andre einingane. Han seier til nrk.no at han er svært nøgd med den hjelpa han har fått i byggjesaka, mellom andre frå Fretland Bygg.

Hallvar Trohaug er byantikvar i Lærdal.
Hallvar Trohaug er byantikvar i Lærdal.

Byantikvar  Hallvard Trohaug seier at oppattbygginga er som å få att ei tann i munnen. – Det er jo i inngangen til verneområdet, så det var viktig å få det opp att, seier han.

Trohaug legg til at huset etter brannen ikkje lenger har vernestatus, men når det no ser ut som det gjorde før brannen, er det nesten som om det alltid har stått der, og at det no berre har skifta kledning, seier han til nrk.no.

Han rosar den unge huseigaren, arkitekten og byggjefirmaet som har hatt ein jobb med dette.

Tømrar Nils Inge Hagen og elektrikar Andreas Hagen nærmar seg slutten på arbeidet med Synnøva Eri hus. Panelet er osmobehandla med kongle dekorvoks for å gje den mørke fargen.
Tømrar Nils Inge Hagen og elektrikar Andreas Hagen nærmar seg slutten på arbeidet med Synnøva Eri hus. Panelet er osmobehandla med kongle dekorvoks for å gje den mørke fargen.

 

 

Heva grunnmuren

Huset med anneks er bygd opp i empirestilen som den første eigaren hadde med seg frå Bergen omkring 1840.

Terje Brugrand er dagleg leiar i Fretland Bygg AS.
Terje Brugrand er dagleg leiar i Fretland Bygg AS.

– Utvendig er alt som det var før, understrekar Terje Brugrand, dagleg leiar i Fretland Bygg AS.

– Den einaste forskjellen frå det opprinnelege, er at vi har heva grunnmuren med 20 cm. Det måtte gjerast av omsyn til mogleg flaum i framtida, forklarar han.

Ein måtte støtte seg på dokumentasjon etter oppmåling på 1980-talet og ei rad med bilete, for å kopiere bygningane.

Difor har anneks og hovudhus ulik skifertekking, på annekset er det nytta stor skifer med rette kantar, på hovudhuset er det ein mindre skifer med oval nedkant. Kledninga er glatthøvla furu i ulike dimensjonar, slik det var før. Vindauga er småruta, sjølvsagt.

Innanfor veggane er det derimot som nytt, det og bygd etter TEK 10, forklarar Brugrand.

 

Tore Stegen har gått læretida si i firmaet. I november tok han sveineprøva.
Tore Stegen har gått læretida si i firmaet. I november tok han sveineprøva.

 

 

Mykje å restaurere

– Her på Lærdalsøyri er det elles mykje å ta tak i for den som driv med restaurering, fastslår Brugrand. Firmaet har gode tømrarar og eit par meistrar som gjerne arbeider med restaurering. Dei siste åra har dei mellom anna restaurert ei av dei mest fotograferte husrekkene i Lærdal, den med det gamle grå naustet som er kalla «Lindstrøm-naustet», og dei har lagt om taket på «Henrikstova»,  eit lite hus som ein reknar som eitt av dei eldste på Øyri.

Lindstrømnaustet med den grå fasaden er eitt av dei mest kjende postkortmotiva.
Lindstrømnaustet med den grå fasaden er eitt av dei mest kjende postkortmotiva.

 

Begge hadde store råteskader i taket, Lindstrømnaustet var dessutan skeivt. Heile takkonstruksjonen måtte takast ned før det kunne byggjast opp att. Då vart det også lagt på takrenner og nedløp for å forhindre nye råteskader.

«Lindstrømnaustet» ser ut som før sjølv om heile takkonstruksjonen er bygd om etter råteskader.
«Lindstrømnaustet» ser ut som før sjølv om heile takkonstruksjonen er bygd om etter råteskader.

 

 

 

Nevertekt tak

På Henrikstova måtte torvtaket takast ned. Taktroa var råtten og vart skifta. Taket vart bygd opp att i nært samarbeid med byantikvaren. Her vart det lagt knotteplast under laget med never som vart toppa med torv.

– Til og med torvhalskrokane vart lagt på gamal måte. Det skal sjå ut som det var før råteskadene vart reparert, seier Brugrand.

Råteskader gjorde at taket på «Henrikstova» måtte leggjast om. Dette er eitt av dei eldste husa på Lærdalsøyri, og arbeidet skjedde i nært samarbeid med byantikvaren.
Råteskader gjorde at taket på «Henrikstova» måtte leggjast om. Dette er eitt av dei eldste husa på Lærdalsøyri, og arbeidet skjedde i nært samarbeid med byantikvaren.

 

 

 

 

Taket er nevertekt og har torvhalskrokar som frå gamalt.
Taket er nevertekt og har torvhalskrokar som frå gamalt.

Gamalt lager vert leilegheiter

– Når vi byggjer bustader, er det helst i eigne prosjekt. Der er fortenesta betre enn for einebustader, seier Brugrand.

Firmaet har planar om å byggje bustader på det som har vore lageret deira. Det er planlagt med inntil 30 bustadeiningar i tre byggjesteg. Det er allereie interessentar til dei fleste leilegheitene i det første trinnet. Bygginga skjer i samarbeid med eit bustadbyggjarlag. Byggjestart ventar på kommunal godkjenning og at mange nok av einingane er selt. Planane om eit bygg i tre høgder, har ført til protestar.

– Sjølvsagt skulle dette vore bygd med trekonstruksjon, men vi må nytte betong i den eine delen som får tre etasjar, for ikkje å gå over maksimal tillaten byggjehøgde. I det andre trinnet med to etasjar, kan det bli massivtrekonstruksjon. Heile prosjektet skal i alle høve ha tre i kledninga, understrekar Brugrand.

Firmaet byggjer også einebustader som medlem i Mesterhus. Då går det helst i prekutt. Element har hittil ikkje vore aktuelt når ein berre byggjer to til fem einebustader i året, meiner Terje Brugrand.

 

Les også: Ein kveldstur i trehusmiljøet i Lærdalsøyri

Artikkelen held framunder annonsen

Fakta: Synneva Eris hus, Lærdalsøyri

Bygd omkring 1840 i empirestil.

Brukt til bustad og pensjonat, bakeri i anneks.

Var freda før det brann ned i Lærdalsbrannen i januar 2014. Av totalt 40 bygg som brann, var dette eitt av dei tre som var freda eller verneverdige.

Bygd opp att med same utsjånad utvendig, hovudhuset har no to vertikaldelte leilegheiter i tre etasjar, annekset er eigen bueining. Fretland Bygg har stått for bygginga.

Eigd av ein no 21 år gammal mann, som har arva det etter faren. Fotfulgt av TV- og mediefolk etter brannen.

Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal. Gamle Lærdalsøyri har eit verna treshusmiljø med 170 bygningar frå 17-og 1800-talet.

synneva_eris_hus_riksantikv
Slik såg Synneva Eris hus ut før brannen. (Foto: Riksantikvaren)

 

Fakta: Fretland Bygg AS, Lærdalsøyri

Starta av Sigurd Fretland i 1952.

Terje Brugrand er dagleg leiar sidan 2014. Han er byggmeister og teknisk utdanna.

Firmaet har 13 tømrarar, og er lærebedrift alltid med ein til to lærlingar.

Rekrutterar stort sett lærlingar og lokale tømrarar.

Marknad i heimkommunen og nabokommunane på sørsida av Sognefjorden.

Medlem i Byggmesterforbundet og i Mesterhus sidan det vart oppretta.

Byggjer nye bustader frå katalog og i eigne prosjekt, byggjer om og restaurerar.

Omset for ca. 17 millionar kroner i 2016.

Har også ein snikkarverkstad som mellom anna lagar listverk i ulike profilar, og eit utbyggingsselskap.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *