Restaurering av eldre kirkebygg i Polen, Nowe Brusno. (Foto: Wikipedia commons)

Feirer bevaring i Norge og Polen

Boka «HoME. Kulturarv der du bor» viser resultata av prosjektet HoME, der utvalde kommunar i Polen og Noreg har lært meir om korleis dei kan ta vare på kulturminna sine.

Det er blitt ei inspirasjonsbok om kulturarv der du bur og du kan laste den ned gratis her. (pdf)

HoME-prosjektet

Gjennom HoME-prosjektet har Heritage Board of Poland og Riksantikvaren samarbeidd aktivt med utvalde kommunar i Polen og Noreg.

Gjennom møte, studieturar og workshops har deltakarane i prosjektet lært meir om korleis kommunane kan ta vare på kulturminna sine og bruke dei aktivt for å skape verdiar i sitt lokalmiljø. På denne måten har dei også fått innsikt i historia og utfordringane til kommunane i Polen og Noreg.

Prosjektet har også arbeidd med korleis kommunane kan ta vare på kulturminna ved å bruke sine eigne planar. Dette passar godt inn i satsinga «Kulturminne i kommunane», der Riksantikvaren arbeider for at kommunane skal få sine eigne kulturminneplanar.

 

HoME-publikasjonen

«HoME. Kulturarv der du bor» viser resultata av HoME-prosjektet og gir konkrete eksempel på korleis kommunale myndigheiter, og innbyggjarane sjølve, kan initiere tiltak til fordel for sin lokale kulturarv.

Publikasjonen kan vere til inspirasjon for representantar for lokalsamfunn gjennom å oppmode alle til å ta vare på kulturminna i kommunen, slik at dei verdifulle ressursane kan bli brukt på ein god måte.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.