For et par dager siden ble hun overrakt Olavsrosa som er Norsk kulturarvs nasjonale kvalitetsmerke. Samtidig fikk hun et stipend fra Norsk kulturminnefond på 40.000 kroner.
– Det er fyrste gong det statlege fondet deler ut eit slik stipend, forteller direktør Simen Bjørgen til bygg.no.
Gode haldningar til bygningsvern
– Norsk kulturminnefond ynskjer med dette å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg. Vi vonar Rønnevig gjennom dette stipendet vil kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut, seier direktør Simen Bjørgen, som knapt kan tenke seg ein betre ambassadør å senda ut for å motivera eigarar av verneverdige kulturminne.
Tek riksantikvaren med på turne
Stipendet kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå særs aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Rønnevig har invitert både Riksantikvaren og direktøren i Norsk kulturminnefond til å delta på delar av rundturen. Vi ser fram til at «Sprossa» nå legg ut på ferda «Norge rundt», for å inspirera andre til å ta fatt på bevaringsoppgåver med engasjement og entusiasme, avsluttar Bjørgen.
Les også: Sprossa fikk Lillesands byggeskikkpris