Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Byggjekostnadene opp 3,5 prosent i fjor

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 3,5 prosent frå desember 2010 til desember 2011. Materialkostnadene steig med 4 prosent i same periode.

Frå desember 2010 til desember 2011 auka byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker med respektive 3,5 og 3,7 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med 3,8 og 4,8 prosent i same periode.

Inga auke i desember

Det var inga endring i kostnadene for einebustader av tre frå november til desember i 2011. Bustadblokker auka med 0,1 prosent. I same periode gjekk materialkostnadene opp med 0,1 prosent for begge bustadtypane.

Tabellar: Byggjekostnadsindeks for bustader

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *