Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Manisk energieffektivitet undergrev tradisjonell velferd

Tradisjonelt har det vore sett på som eit gode i norsk velferd å få ta del i si eiga skjebne når det gjeld å bygge hus til eigen familie. I praksis er dette ikkje lenger mogeleg gjennom ansvarsretts-reglane. Spørsmålet no er blitt kor dyrt det skal gjerast å la andre stå for bustadbygging, skriver Bård Runnestø i denne kommentarartikkelen.

Sitat frå KRD si  arbeidsgruppe for energieffektivisering av bygg, kapitel 2:

Flere internasjonale studier viser at energieffektivisering er det enkleste og billigste klimatiltaket, og det er derfor bred politisk og faglig enighet om at energieffektivisering må prioriteres.

Energieffektivisering i bygg bidrar til å erstatte forurensende energikilder i andre sektorer og reduserer behovet for ny kraftproduksjon. Den mest miljøvennlige energien er den man slipper å produsere. En betydelig andel av tiltakene vil dessuten være både samfunnsøkonomisk og bedriftsøkonomisk lønnsomme.

Gruppen er bedt om å vurdere bedriftsøkonomisk og samfunnsmessig lønnsomhet av energieffektiviseringstiltak. Det er komplisert å vurdere samfunnsmessig lønnsomhet av energieffektivisering, da grunnlaget for vurderingene ikke er entydige.

Prissetting av energieffektivisering i en klimagasskontekst er omdiskutert og utenfor gruppens mandat”.

  • Ingen av ”Flere internasjonale studier..” er dokumentert, anna enn prat innleiingsvis her.
  • En betydelig andel av tiltakene vil dessuten være både samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomisk lønnsomme”.  Ja, signe dagen, gitt punktet under der prising ikkje skjer.
  • Klimatiltak var bakteppe for mandatet – likevel fell ”..prissetting av energieffektivisering i en klimagasskontekst..” utanfor mandatet.  Er det dette som kallast arbeidsvegring?

På side 7 får du med deg at Eli Arnstad var leiar for utvalet (16 stk + nokre sekretærar og observatørar som kom og gjekk).  Strengt tatt er det ikkje naudsynt å lese meir av dette 97 siders verket.  Kvaliteten er på ufaglært nivå, metodikk og (samfunns)økonomi  er svakt handsama og står til stryk.  Likevel kjem ymse konkrete tiltak for energieffektivisering samstemt seglande som perler på snor.  Truleg var det eit poeng for utvalet at ingen sjanse for å bli oppfatta seriøst måtte gå fløyten.

KRD har skjøna såpass at økonomien ikkje vart forsvarleg handsama av lekfolket.  147 ord om privatøkonomi på eit område som er største investering for folk flest, kan verke smått (kap 7.1, side 55).  Rapporten kan difor ikkje direkte danne grunnlag for norsk forskriftsverk.  Det er nødvendig med meir kostnadskrevjande utgreiingsbyråkrati:  Så knapt halvåret etter at arbeidsgruppa la fram rapporten gav KRD i desember 2010 Multiconsult AS (57% eigd av tilsette og pensjonistar med meir) og Analyse & Strategi AS (40% eigd av Multiconsult AS) i oppgave å utrede vidare det som Arnstad-utvalet ikkje ville gjere:Vi startar no arbeidet med å sjå nærare på samfunnsøkonomiske, energimessige og bransjemessige konsekvensar av mulege framtidige energikrav for nye og eksisterande bygg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Tvangstanken går framleis på at det er heilt avgjerande for velferden å skjerpe krav til energieffektivisering.  ”Bygg skal bruke minst mogeleg energi”! Basta, og derom er det ingen tvil.

Ingen er heller i tvil om at det teknisk går an å lage bygg som brukar mindre enn 60 KWh/m2 i året.  Du får ein firkanta fuglekasse, og meir gjeld til banken enn nokon i slekta di før deg.  Kor klokt dette energi-hysteriet er, skal vise seg, også politisk.  Tradisjonelt har det vore sett på som eit gode i norsk velferd å få ta del i si eiga skjebne når det gjeld å bygge hus til eigen familie.  Dugnad og eigeninnsats på eigen bustad har gjort mange nordmenn til millionærar på sine eldre dagar.   I praksis er dette ikkje lenger mogeleg gjennom ansvarsretts-reglane.  Spørsmålet no er blitt kor dyrt det skal gjerast å la andre stå for bustadbygging.  Merk deg at Arnstad-utvalget fokuserte på moms-proveny i seg sjølv som eit argument for å skjerpe krav til energieffektivitet:Det er beregnet at  merkostnader knyttet til energitiltak vil kunne utløse et nytt marked på ca. 80 milliarder kroner i perioden 2010/2020.  En økt omsetning på 80 milliarder vil kunne føre til en momsinntekt til staten på 15 milliarder kroner” (side 16).

Om tradisjonell politikk er forlatt, er det framleis ofte slik at eit par på 25 med eitt barn og nummer to på veg, gjerne har meir virkelyst og energi enn pengar.  Forseinka opptening av eigenkapital gjennom forlenga tilvære i leigebustad, er ikkje til å unngå.  Vi ser det allereide i figurane til Statistisk sentralbyrå: oppstart av nybygde bustadar fell i fallande rentemarknad.  Det er sterk kost.  Alvoret med slik politikk er at malen blir sett for framtida og kan ikkje reverserast om regjeringa skulle bli klar over kor uklok bustadpolitikk den fører.  Dette til skilnad fra til dømes skattepolitikk, der eit nytt sett reglar i prinsippet gjeld eit år om gangen.

Fokus i denne artikkelen er energieffektivitet.  Kostnader til universell utforming, energi-sertifikat, radonsperre, prosjekteringskostnader og ventilasjonskrav, er ikkje tatt med, men fordyrar sjølvsagt.  Merk deg likevel debatten som tvangstanken universell utforming har skapt når det gjeld økonomi.  Argumentet frå KRD er at det er ikkje så farleg med dyrare bygg for dei unge familiane utan pengar, fordi nybygg berre utgjer 1% av totalt omsette bustadar.  Første året ja, men kva om 10 år? 25 år?  Samfunnsbygging, ja takk. Dette er så galt tenkt at det er ubegripeleg at det får sleppe fram.

Det skal bli interessant å følgje Multiconsult og Analyse & Strategi: korleis vil ein profesjonell fagøkonom takle det direkte motsetnadshøvet som er mellom energieffektivisering og det fromme politiske ønskje om meir bruk av biobrensel til termisk energi i bygg?  Dette er perfekt negativt korrelerte tilhøve og som du aldri vil oppnå samtidig.  Om det blir gjort forsøk gjennom støtteregimet (ENOVA, Husbanken), er resultatet samfunnsøkonomisk svært ulønsamt.  Dette er ikkje noko nytt.  Sponsing av fjernvarmesektoren for å oppretthalde lønsemd i ein marknad som vart riven bort ved TEK2007, vart utgreidd av  tre økonomiprofessorar ved BI (Dalen, Moen og Riis, 2007).  Einsidig dom: sterkt å fraråde:  Dåverande KRD-statsråd Haga takka for rapport, ikkje nyttig for denne regjering, ned i underskuffa med den, men fagleg fullt lesbar enno.  Men politisk måtte fag vike, da som no. Rapporten «Regulering av fjernvarme» kan lastes ned fra www.bi.no.

Energieffektivisering har politisk eit til felles med grøne sertifikat.  Tenk ut nokre mål , smell opp nokre verkemedel og hals av gårde som ein idiot med tunga ut av munnen.  Spørsmålet om på kva måte målet er relevant eller om verkemidlane ein funderer på er dei mest tenelege, lar ein politisk ligge.  Dette ser du svært tydelg i innleiinga til Arnstad-utvalet som eg siterte i starten.  Konkret kan du samanlikne slikt med reisa mellom Oslo og Trondheim med lite bensin til rådvelde (knappe ressursar).  Turen kan godt leggast gjennom Ålesund, du kjem nok trygt fram, men det er fleire som lurer på kva medisin du går på.

Fagleg tenking rundt energieffektivitet har måtte vike når politiske orrhanar bruser og skal vise styrke og handlekraft.  Ein motstrebande byggebransje blir skulda for å vere ”konservativ”, ”uvillig”, eller ”lite miljøorientert”.  OBOS, som du kan tenke deg representerer den som skal bu, gjekk i mot TEK2007 på høyringsnivå.  Sidan da har vi fått TEK2010, og det skal komme meir.

Ei lita oppgave til slutt for å teste om du har skjøna noko:  To hus, tett i tett: A: bygd etter TEK1997, brukar 30.000 KWh/år, herav 24000 KWh fra biobasert kjelde og 6000 KWh elektrisitet .  B: bygd etter TEK2010, brukar 14000 KWh/år herav 0 fra biobasert kjelde og 14000 KWh elektrisitet.  Kva hus er mest miljøvennleg? Kva hus oppfyller best pludderet om auka grad av biobrensel til energiformål?  Tilleggsspørsmål: Kaldt som det er, går salet av panelovnar ned eller opp for tida (januar 2011)?

Bård Runnestø, Årnes.
Siviløkonom og daglig leder i Agat Regnskap ANS.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *