Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Byggjekostnadene opp 0,3 prosent

Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 0,3 prosent frå januar til februar i år. Materialkostnadene auka med 0,5 prosent i same periode.

Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 0,3 prosent frå januar til februar i år. Materialkostnadene auka med 0,5 prosent i same periode.

Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker med respektive 0,4 og 0,2 prosent, melder Statistisk sentralbyrå.

Byggjekostnadene for bustader steig med 6,3 prosent frå februar i fjor til februar i år. Materialkostnadene har auka med 7,4 prosent i same periode.

Dyrare einebustader
Siste året har kostnaden med å byggje einebustader stege mest, og er no 6,6 prosent høgare enn i februar i fjor.
Kostnadene for bustadblokker er 5,8 prosent høgare enn den same månaden i 2006.

Lønnsstatistikk for 4. kvartal 2006 er teke inn i byggjekostnadene for februar, og arbeidskraftskostnadene viser ein vekst på 0,5 prosent frå januar til februar i år.
Det er nedgang i kostnadene til administrasjon og drift som er årsaka til at dei totale byggjekostnadene har auka mindre enn materialkostnadene og arbeidskraftkostnadene siste månad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *