Lovstridig bustadprosjekt i Stavanger

Godkjenninga av bustadprosjektet på Holmen i Stavanger sentrum er i strid med Plan- og bygningslova, samt kommunens eigne vedtekter for området.

Dette meinar dosent i byutvikling ved Universitetet i Stavanger, Nils Jacobsen, om bygget som ragar over dei andre bygningane i området. Og skulda legg han på politikarane.
– Dei går på tvers av sine eigne langsiktige mål her, seier Jacobsen.
Han viser til ønsket om å bevara det historiske bysentrum og bruka det som attraksjon. Kommunedelplanen for sentrum, som vart vedteke for få år sidan, gjev ikkje rom for bygg på seks til ti etasjar, hevdar han.

Jacobsen nemnar til samanlikning Paris som ein av byane som held oppføring av høge bygg utanfor den historiske bykjernen, noko han meinar at også Stavanger bør gjere.
– Spørsmålet er ikkje om vi skal byggja høgt, men kor vi skal byggja høgt, seier han.

Greta Bryne (Ap), leiar i Kommunalstyret for byutvikling, seier i sitt svar til Aftenbladet at denne saka er gammal. Ho er heilt sikker på at når dette blei behandla som ein rammesøknad, og ikkje som ei reguleringssak, så var det fordi dei meinte det var korrekt etter lova.
– Når det gjeld det politiske, så var vi veldig positive til dette prosjektet. Området har vore veldig vanskeleg å få aktivitet i, det har lege nesten dødt.
Bryne seier likevel at dei truleg ikkje hadde vedteke den siste etasjen ein gong til. Som gjer bygget høgare enn blant anna ærverdige Hotell Victoria som ligg like ved.

Les saka i Aftenbladet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *