Nær 700 personar har lærlingkontrakt i fylket. Sjølv i elektrofaget har det vore greit å få læreplass i haust.
– Næringslivet har teke inn fleire lærlingar i år enn nokon gong tidlegare, og det er veldig positivt, seier Bodil Onsaker Berg som er seksjonsleiar for fagopplæring i Buskerud fylkeskommune.
Ho legg til at arbeidslivet i Hallingdal helst vil ha lærlinger som er frå dalen. Særleg gjeld dette byggebransjen.