Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Byggjekostnadene ned 0,1% i september

Byggjekostnadene for bustader gjekk ned med 0,1 prosent frå august til september i år, men dei var 2,9 prosent høgare enn i september 2015.

Byggjekostnadene for både einebustad av tre og bustadblokk gjekk ned med 0,1 prosent. Materialkostnadene for dei same bustadtypane minka med 0,1 prosent i same periode.

Frå september 2015 til september 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,5 og 2,4 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,3 og 3,0 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

Les mer: Tabellar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *