Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Byggjekostnadene opp 0,2% i august

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå juli til august i år. Arbeidskraftkostnadene steig med 0,4 prosent medan materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for både einebustad av tre og bustadblokk auka med 0,2 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig begge med 0,1 prosent i den same perioden. Lønnsstatistikken for 2. kvartal 2016 er rekna inn i byggjekostnadene for august 2016.

Frå august 2015 til august 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,5 og 2,6 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,4 og 3,3 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

Les mer: Tabellar

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *