Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Liten auke i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå april til mai i år. Arbeidskraftkostnadene steig med 0,7 prosent medan materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadene gjekk opp med 0,3 prosent både for einebustad og for bustadblokk frå april til mai i år. Lønnsstatistikken for 1. kvartal 2016 er rekna inn i byggjekostnadene for mai 2016.

Frå mai 2015 til mai 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,4 og 2,1 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,3 og 3,1 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

Se også: Tabellar

Les også: Auke i byggjekostnadene (mai 2016)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *