Begge stipendene er på 50.000 kroner, skriver Kulturminnefondet.
Handverksstipend
Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid over tid.
Stipendet vil bli tildelt ein ung, engasjert, lærevillig og fagleg solid handverkar som også er interessert i å læra bort.
Stipendet vart i 2014 tildelt Ove Grytbak fra Røros, og i 2015 Hans Andreas Haraldsen Lien fra Gjøvik.
Formidlingsstipend
Formålet med stipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg.
Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.
Stipendet vart i 2014 tildelt Else ”Sprossa” Rønnevig og i 2015 Handverksfabrikken i Gyland ved Erik Alfred Tesaker.
Den som ynskjer å foreslå kandidatar til stipenda kan sende forslag til Kulturminnefondet ved direktør Simen Bjørgen innan 10. januar 2016, på e-post simen.bjorgen@kulturminnefondet.no
Forslag kan også sendast i vanleg post til:
Norsk kulturminnefond
ved Simen Bjørgen
Bergmannsgata 17
7374 Røros
Vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet.