Restaurering av første etasje i en av sjøbodene, Davehuset, på Vibrandsøy. (Foto: Byantikvaren i Haugesund)

900 000 kroner til Vibrandsøy

Lokale kreftar vil gjere “Vibrandsøy for alle” utanfor Haugesund til ein realitet. No løyvar Riksantikvaren 400 000 til prosjektet i 2024 og 500 000 i 2025.

Vibrandsøy ligg rett utanfor Haugesund. De siste åra har både lokale og regionale kreftar satsa med arbeidsinnsats og midlar på kulturmiljøet ute på Vibrandsøy.

Bevare gjennom bruk

No vil prosjektet ta eit steg vidare, og sjå arbeidet i samanheng med den nye bevaringsstrategien for kystkultur. Målet deira er å leggje til rette for at øyas unike historie, natur og kulturmiljø vert tilgjengeleg og tatt vare på gjennom bruk.  

Værhardt på Vibrandsøy: Davehuset før istandsettinga. Siden har mange gode kreftar jobba mykje for Vibrandsøy. (Foto: Tanja Røskar, Multiconsult)

Vibrandsøy fortel ei viktig historie om sildeeventyret på Rogalandskysten som det er vel verd at fleire får auga opp for, seier Linda Veiby, avdelingsdirektør hos Riksantikvaren.  

Samlinga av bygningar og installasjonar gjer innsikt i en viktig epoke i norsk kystnæring.  

På øya finner ein blant anna sjøhus, sildesalterier, sildeiserier, intakte produksjonsmiljø og eit samfunn frå sildefiskeriane.  

Prosjektet tar sikte på å restaurere og revitalisere desse historiske bygningane, slik at dei kan formidle historia om Norges sildeeksport, fiskeindustri og kystkultur til dei som bor i området og dei som vitjar Haugesund. Sjå meir om istandsetjinga av sjøhuset Davehuset på Vibrandsøy i Riksantikvarens eksempelsamling

Riksantikvarens satsing på verdiskaping

Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Målet er at prosjekta skal bidra til verdiskaping i kulturmiljøa. Verdiskapingsmidlane er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane.  

Davehuset i godvær: Så fint vart huset etter istandsetjinga. (Foto: Tanja Røskar, Multiconsult)

Riksantikvaren skal leggje til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.  

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *