Fagskulen Vestland har laga ei heilt ny utdanning for deg som jobbar med bygg: Grøn omstilling i byggebransjen.
Les også: Byggherrene i Bergen vil gjenbruke så mye som mulig
To korte utdanninger
Studiet er på 60 studiepoeng og går på deltid over to år. Studiet er nett- og samlingsbasert, med berre tre fysiske samlingar i året.
Av dette studiet har vi tatt ut to emner som vi tilbyr som korte utdanninger – «Energirådgjevar» og «Sirkulær økonomi og ombruk». Kvar av disse er på 10 studiepoeng Energirådgjevarstudiet har oppstart i september og har ledige plasser. Søknadsfristen er 31 august.
Studiet Energirådgjevar
Energirådgjevar er ei kort utdanning på 10 studiepoeng som har hovudtema bygningsfysikk og energiberekning i bygg. Utdanninga gir innsikt i energiflyt og internlastar, og du får innsikt i dei ulike varme- og ventilasjonsprinsippa.
Med denne utdanninga kan du mellom anna utvikle planar for energirehabilitering basert på variablar som klima, geografi og åtferd/bruk. Kurset gjev kompetanse som energirådgjevar og du kan søke om oppføring i Enova sitt rådgjevarregister.
Studiet er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grønn omstilling i byggebransjen, ei ny utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grønn omstilling i byggebransjen.
Programmet er på 10 studiepoeng, og går over ca. 4 månader. Kurset er nettbasert med ei fysisk og to digitale samlingar.
- Første samling digital i veke 39: ons-tors, 25.-26. september, kl 0800-1530
- Andre samling fysisk i veke 48: tirs-tors, 26.-28.november, kl 1000-1500, kl 0900-1500 og kl 0900-1400
- Tredje samling digital i veke 3: ons-tors, 15.-16. januar, kl 0800-1530
På den fysiske samlinga er det lagt opp til praktisk arbeid med lab, med påfølgande arbeid mellom samlingane.
Undervisninga føregår på dagtid. I tillegg er det lagt opp til rettleiingsøkter på ettermiddag og kveld mellom samlingane.
I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe.
Studiet Sirkulær økonomi og ombruk
Bransjeprogrammet Sirkulær økonomi og ombruk gjev deg kunnskap om reduksjon, ombruk, gjenvinning og utnytting av dei enkelte byggematerialane, og av heile bygget ved rehabilitering. Du får mellom anna kunnskap om innovative byggemetodar og teknologiar.
Du får kompetanse i ombrukskartlegging. Du får strategiar for å optimalisere ressursutnytting, avfallsreduksjon og materialgjenvinning, og vil kunne vurdere miljøpåverknaden av ulike byggemetodar og materialar. Kurset gir deg forståing for kost og nytte i vurdering av ombruk.
Denne bransjemodulen er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grønn omstilling, ei ny utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grønn omstilling.
Programmet er på 10 studiepoeng, og går over ca 4 månader. Kurset er nettbasert med ei fysisk og to digitale samlingar.
- Første samling digital i veke 5: ons-tors, 29.-30. januar, kl 0800-1530
- Andre samling fysisk i veke 12: man-ons, 17.-19. mars, kl 1000-1500, kl 0900-1500 og kl 0900-1400
- Tredje samling digital i veke 20: ons-tors, 14.-15. mai, kl 0800-1530
På den fysiske samlinga er det lagt opp til praktisk arbeid med lab og synfaring, med påfølgande arbeid mellom samlingane.
Undervisninga føregår på dagtid. I tillegg er det lagt opp til rettleiingsøkter på ettermiddag og kveld mellom samlingane.
I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe, skriv Fagskulen Vestland.