På Nøstet i Bergen har dei bygd rundt dei eksisterande trebygga i staden for å riva dei. (Foto: Christina Sørheim, arkitekt Jostein Tveit)

Me må ta vare på eksisterande bygg

Kvar einaste dag riv vi 55 bygg i Noreg. Dette utgjer 20 000 bygg i året. Mange av desse bygga kunne med normalt vedlikehald vore brukt i fleire tiår framover, skriv arkitekt Christina Sørheim frå Sogndal.

Kvifor vert då bygga rivne?

Vi riv fordi bygga er dårleg vedlikehaldne og det er usikkert kva det kostar å pusse opp. Vi riv fordi bygga har dårleg planløysing og er arealinneffektive. Vi riv fordi dei tekniske anlegga ikkje oppfyller krava vi har i dag. Vi riv fordi det kostar for mykje å oppgradera til dagens standard og vi riv fordi tomta skal utnyttast betre. Nesten alltid er det argument som tekniske forhold og økonomi som er styrande.

Men kva med andre aspekt?

Kva med ressursane som ligg i bygningsmassen vi allereie har? Bygg- og anleggsnæringa brukar ca. 40 % av dei totale materialressursane i verda. Det kostar enorme ressursar å byggje nytt, og det ligg store ressursar i den bygningsmassen vi har rundt oss. Det er difor heilt nødvendig at vi tek vare på dei byggverka som allereie finst. Det er ikkje gratis å oppgradera eit gamalt bygg, men verdi er meir enn kroner og øre.

– Har råd til å la vera å ta vare på dei ressursane som ligg i eksisterande bygg? spør arkitekt Christina Sørheim. (Foto: Privat)

Nabolaga våre vert rikare om vi tek vare på delar av historia vår, spor etter levde liv. Omgjevnadane våre treng fleire lag, eit mangfald. Gamalt og nytt side om side. Vi må forvalte og endre, oppgradera, forbetre heller enn å berre byggje nytt. Vi må sjå verdien i å transformera, gjere det gamle om til noko nytt. Å ta vare på eksisterande bygg bidreg og til sosial berekraft, gjer bygda unik og til og med attraktiv. Lokal identitet må takast med i vurderinga når ein skal ta stilling til kva som skal rivast.

Det er lett å tru at det er meir miljøvenleg med eit nytt hus. Superisolerte vegger, tak og vindauge med lav u-verdi gir lite straumforbruk. Men nye rapportar frå SINTEF viser derimot at miljøvinnaren er ein moderat oppgradering av dei husa vi allereie har. Å rehabilitere bygg påverkar miljøet berre halvparten så mykje som å rive og byggje nytt. Sjølv om nybygg har lågare årlege utslepp knytt til energibruk, vil det ta 10–80 år før ein utliknar utslepp knytt til det å byggje nytt.

Den viktigaste grunnen til å rive og byggje nytt er ofte eit ønskje om økonomisk gevinst, forkledd i argumentet om fortetting. Fortetting er ein del av miljøstrategien til kommunen. Me skal bu tettare, det vert mindre transport og vi sparer verdifulle område med matjord.

Men det treng ikkje vera ein motsetnad mellom å fortetta og å ta vare på det som allereie står der. Forsking viser at det aller mest miljøvenlege er å vare på eksisterande bygningsmasse mest mogleg slik den er. Nye krav og ny bruk krev gjerne at ein får nye behov. Det kan vera teknisk oppgradering eller ønske om meir plass og lys. Ein kan rehabilitere, oppgradera og gje nytt liv til eit bygg gjennom å byggje på, leggje til, transformere og revitalisere. Innovativ gjenbruk av byggjematerialar der det er naudsynt å rive kan og vera ein veg å gå. Å forlengja livet til ein bygning på ulike sett, bidreg til å redusere råvareforbruket. Biverknaden vil bli eit meir spennande bygg.

Ein ting er at vi må ta vare på dei ressursane som ligg i det som allereie finst. Ein anna ting er at riving genererer store mengder søppel. 978.200 tonn i året for å vera heilt nøyaktig, berre i Noreg. Og dette gjeld berre boss frå det vi riv. I tillegg kjem avfallet vi produserer på ein byggjeplass, som feilproduksjon, feillevering, skader på byggjevarer, emballasje osv. I 2017 sto byggjenæringa for 25 % av den totale mengda avfall.

Eit lokalt døme på eit bygg som er aktuelt for tida er Studentheimen. Elska og hata. Ein betongkoloss. For oss som vaks opp i Sogn på 70-talet var dette eit av dei få betongbygga med flatt tak som vi kjente til. Dei reine linjene, dei tydelege inngangspartia, bakken som flyt under bygget med kraftige inntrekte søyler. Eit markant element i bygdebiletet, ein institusjon, eit bevis på kva Sogndal ein gong var, og den vegen vi har gått. Det seier noko om historia vår. I tillegg er betong eit solid og haldbart materiale. Bygget utgjer ein verdi der det står, men ei miljøbelastning om det skal rivast. Med etterisolering og ny innvendig oppgradering kan dette bygget husa studentar i mange år framover. Det kan bli eit signal om kven vi i Sogndal ønsker å vera. Eit karakteristisk bygg for si tid.

Arkitekt Christina Sørheim slår eit slag for at mellom anna Studentheimen i Sogndal skal bli rehabliltert framfor å bli riven. Studentheimen er ei bustadblokk som rommer heile 78 hyblar og 5 2-roms leilegheiter. (Foto: Christina Sørheim)

I lokalavisa ser vi stadig diskusjonar om riving. Det vert for dyrt å rehabilitera. Det er ofte usikkerheit knytt til utgiftene i eit rehabiliteringsprosjekt. Vi har ikkje råd til å ta vare på eksisterande bygg. Det vert for dyrt, så difor må vi rive. Men vi veit at forbruket vårt må ned.

Kvart år kryp datoen for «jordas overforbruk» lenger og lenger fram. Den dagen då vi har brukt opp alle naturressursane for eit år kjem stadig tidlegare. Etter den datoen brukar vi ressursar som jorda treng meir enn eit år på å reprodusera. 28. juli var den dagen då jordas ressursar var brukt opp i 2022. I Noreg hadde vi brukt opp vår andel av ressursane allereie 12. april.

Så på spørsmål om vi har råd til å ta vare på dei ressursane som ligg i eksisterande bygg? Spørsmålet er heller; har vi råd til å la vera?

 

Denne kronikken sto først på trykk i Sogn Avis. Den er gjengitt med forfatterens tillatelse.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *