Forbodet skal bidra til å redusere klimagassutslepp frå byggjeplassar. (Illustrasjonsfoto: Stortinget.no)

Forbod mot bruk av mineralolje til byggvarme på byggjeplassar frå 2022

Regjeringa har innført forbod mot å bruke mineralolje til oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering frå 2022, sier Klima- og miljødepartementet.

-Regjeringa har som mål å gjere byggje- og anleggssektoren fossilfri innan 2025. Forbodet er eit viktig steg på vegen, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Les også: Alle byggeplasser i Oslo må drive fossilfritt

Eit års varsel

Forbodet er forventa å redusere utsleppa av klimagassar med om lag 80 000 tonn i året i perioden fram til 2030. Forbodet kan også gi andre gunstige effektar, som redusert luftforureining på byggjeplassane og i byane.

For å gi næringa og marknaden tid til å omstille seg, vil ikkje forbodet tre i kraft før 1. januar 2022. Forbodet vil ikkje gjelde oppvarming av fritidsbustader eller produksjonslokale.

Det vil heller ikkje gjelde bygningar der målet med oppvarminga er å førebygge skade etter til dømes flaum eller lekkasjar.

Les heile forskrifta her.

Det finst allereie fleire fornybare alternativ til mineralolje, til dømes fjernvarme, elektrisitet og biobrensler.

Regjeringa forventar framover ei positiv utvikling i marknaden for fornybare energiløysingar, særleg som følgje av oljefyrforbodet som trådde i kraft i 2020 .

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *