– Dei freda husa i Noreg er ein viktig del av kulturarven vår og eigarar av freda bygningar gjer eit viktig arbeid for å ta vare på vår felles historie, seier riksantikvar Jørn Holme som òg oppmodar fylkeskommunane til å gje tilskot til freda bygg på sine eigne budsjett.
Samanlikna med fjoråret har Riksantikvaren i år 25 millionar kroner meir til eigarane av freda hus. Dette skuldast ein auke i midlar over statsbudsjettet.
Budsjettvinnarar
I år er det Oppland, Telemark, Hordaland og Østfold som får dei største summane. Lengst i sør får Vest-Agder og Aust-Agder ein betydeleg auke i tilskot samanlikna med i fjor.
Det er fylkeskommunane som vel ut og prioriterer dei eigedomane som får tilskot. Men Riksantikvaren kan òg gje føringar for bruken av midlane, og har gjort det i nokre tilfelle.
I Østfold skal ni millionar kroner gå til vidare arbeid med istandsetjinga av Kongegården i Halden. Kongegården fekk tilsvarande beløp i fjor, og det er ei stor oppgåve å setje i stand dette monumentale bygget.
Det er òg ei rekkje andre spanande istandsetjingsprosjekt. I Vestfold vart det sjeldne løkkeanlegget Solhaug, frå 1800-talet, freda i 2015. Riksantikvaren vil no setje av pengar til å sikre bygningane her.
I Akershus skal det brukast inntil 3,5 millionar på istandsetjing av det vakre interiøret på skrivargarden Hovin.
I Sogn og Fjordane held arbeida på fjellgarden Ormelid fram og i Sør-Trøndelag er det særleg sjøbodene i Trondheim som det skal satsast på i løpet av året.

Ein del av pengane skal gå til dei freda kulturmiljøa i Noreg, blant anna Sør-Gjæslingan i Nord-Trøndelag samt Sogndalstrand og Skudeneshavn i Rogaland.
| Tilskuddsmottakar | Tildeling post 71, 2017, inkl. tilsagnsfullmakt | 
| Østfold | 12 000 000 | 
| Akershus | 11 000 000 | 
| Oslo | 2 000 000 | 
| Hedmark | 5 500 000 | 
| Oppland | 15 000 000 | 
| Buskerud | 9 500 000 | 
| Vestfold | 6 500 000 | 
| Telemark | 11 500 000 | 
| Aust-Agder | 4 000 000 | 
| Vest-Agder | 5 000 000 | 
| Rogaland | 3 000 000 | 
| Hordaland | 13 000 000 | 
| Sogn og Fjordane | 7 500 000 | 
| Møre og Romsdal | 6 500 000 | 
| Sør-Trøndelag | 7 000 000 | 
| Nord-Trøndelag | 5 500 000 | 
| Nordland | 6 500 000 | 
| Troms | 4 500 000 | 
| Finnmark | 3 000 000 | 
| Sametinget | 2 200 000 | 
| Sum fylka | 140 700 000 | 

            