Flom. (Foto: Regjeringen)

Ny naturskadeordning fra nyttår

Frå 1. januar 2017 trer den nye naturskadeerstatningslova i kraft. Gjeldande ordning vil gje raskare erstatningsutbetaling til dei som vert råka av ei naturskadehending, skriver regjeringen.

Noreg har sida 1961 hatt ei statleg erstatningsordning for skadar som følgje av ei naturulykke. Det kan være skadar etter mellom anna skred, storm, flom eller stormflo.

Nå er den nye loven om erstatning ved naturskade trådt i kraft.

Mer effektiv ordning

Formålet med ordninga er å bidra til å gjere skadelidne i stand til å fortsetje si verksemd etter at skaden er gjenoppretta.

– Sjølv om gjeldande ordning stort sett har fungert godt, er det rom for forbetringar. Det har vore behov for å tilpasse og modernisere regelverket – noko som har vist seg å krevje ein fullstendig gjennomgang av regelverket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Resultatet er den nye naturskadeerstatningslova som trer i kraft frå nyttår. Samtidig vil ei ny forskrift og eit nytt system for sakshandsaming teke til å gjelde.

Auka rettstryggleik

Den nye ordninga vil gjere det enklare og raskare for skadelidne å søkje om og få utbetalt erstatning. Det er utvikla ein heildigitalisert søknadsprosess med eit elektronisk søknadsskjema og ein digital rettlaiar.

Dei nye reglane vidarefører mykje av innhaldet i gjeldande ordning. Dette gjeld til dømes kva som vert sett på som ei naturulykke og vilkåra for å få erstatning.

– Vi byggjer vidare på eit system som går langt tilbake i tid, og tilpassar dette for å kunne vere betre rusta for naturskadesituasjonen i framtida, seier Dale.

 

 

Lensmannsskjønn vert ikkje ført vidare

Gjeldande ordning der skaden fyrst skal takserast gjennom eit såkalla lensmannsskjønn vert ikkje ført vidare. Hovudregelen etter den nye lova er at den skadelidde sjølv skal dokumentere skadeomfanget og kostnadane ved ei gjenoppretting.

Lova gjer samtidig Landbruksdirektoratet høve til å hente inn takst i dei tilfella kor direktoratet meiner det er nødvendig for å kunne opplyse saka tilstrekkeleg.

Landbruksdirektoratet er gjeve forvaltningsansvaret for ordninga i si heilheit, og vil som ansvarleg myndigheit ta stilling til skadens omfang og fastsetje erstatninga i eitt og same vedtak. Vedtaket kan klagast på til Klagenemnda for naturskadesakar.

Lova vil også gjere det enklare å setje inn ekstra ressursar ved store naturskadehendingar, og bidra til auka rettstryggleik for dei skadelidne.

Antall naturskader behandlet årlig

Tall for innmeldte skadesaker og erstatningsutbetalinger i perioden 2004–2015 viser at det i gjennomsnitt behandles om lag 1 400 naturskadesaker årlig, mens de årlige utbetalingene i gjennomsnitt ligger på i overkant av 100 mill. kroner. Antall årlige skadesaker og omfanget av erstatningsutbetalinger varierer fra år til år, avhengig av omfanget av naturulykker foregående år.

Ytterpunkter for antall saker de siste 25 årene viser at det i 1992 ble behandlet 6 300 saker, mens det i 1991 ble behandlet 437 saker. 2011 var et år med flere store naturulykker.

Tall for 2012 viser at det ble behandlet 3 439 skadesaker med en samlet erstatningsutbetaling på om lag 228,4 mill. kroner.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *