Næmingordning i Oppland vel bestått

Pilotprosjektet «Næmingordningen» som har gått i to periodar, kvar på tre år i Oppland, blei avslutta i desember med vel bestått. Oppdraga til dei tre næmingane blei bedømde som vel gjennomførde. No er dei i fullt arbeid som tradisjonsbyggjarar i tømrarfaget.

– Ei særs god opplæringsordning for å vidareutdanne handverkarar i tradisjonsbygging og restaurering, seier Henning Olstad i Norsk Håndverk i Venabygd, som har hyra inn to av dei nyslåtte næmingane.

 

Pilotprosjekt

Næmingordninga var eit pilotprosjekt som starta i 2007 av Senter for bygdekultur på Dovre i Oppland og Geitbåtmuseet i Halsa i Møre og Romsdal. Prosjektet omfatta fylka Oppland, Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag og vart finansiert av Riksantikvarens verdiskapingsmidlar, Innovasjon Norge og regionale midlar. Målet med prosjektet var å prøve ut ein modell for vidareutdanning i handverk etter sveinebrevet, det vil seie ei spesialisering i tradisjonshandverk i opplandstradisjonen i fylket, i kysttradisjonen i Møre og Romsdal, og i trøndertradisjonen i Sør-Trøndelag.

 

Læring gjennom arbeid

Dei såkalla næmingane (= dei som skal lære) vart tilsette i Senter for bygdekultur, i Geitbåtmuseet og ved Rørosmuseet. Det fekk opplæringa gjennom å arbeide med byggeoppdrag under rettleiing av erfarne handverkarar og tradisjonsberarar, og gjennom  faglege kurs. Oppdraga har vore både nybygg og restaurering, både for offentlege og private kundar. Freda bygningar har blitt dokumentert og reparert etter antikvariske prinsipp, til dømes «Småfelåven» frå 1600-talet på Budsjord gard på Dovre.

 

15 næmingar

Til saman 15 næmingar har fullført denne utdanninga sidan 2007, og alle brukar tradisjonskunnskapen i byggebransjen og i kulturminnevernet. Desse 15 vil være viktige lærarar og bærare av kunnskapen vidare til nye næmingar.

– Departementet har lagt fram ein modell for ein høgskuleutdanning som byggjer på erfaringane med næmingordninga, og vi håper at denne får midlar i Statsbudsjettet i 2014, seier Helle Hundevadt, som er dagleg leiar av Senter for bygdekultur på Dovre. Ho ønskjer og at Oppland og Hedmark skal få starte opp eit 3. kull med næmingar i år, i lag med Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Innlandet treng fleire handverkarar for å vøle alle dei freda og verneverdige bygningane som skal vere sett i stand innan 2020, dette er eit offentleg ansvar, understrekar Helle Hundevadt.

Næmingene i Oppland etter avsluttende prøve 12.desember 2012:  foran fra venstre: Alf Reidar Melvær Vadøy, Tommi Raty, Geir Arne Myren. Bak fra Venstre: Arbeidsgiver i senter for bygdekultur Helle Hundevadt, faglig ansvarlige i Dovre Handverksenter Steinar Moldal , sensor fra Norsk handverksutvikling Jarle Hugstmyr, faglig ansvarlig fra Geitbåtmuseet Jon Bojer Godal. (Foto: privat.)
Næmingene i Oppland etter avsluttende prøve 12.desember 2012: foran fra venstre: Alf Reidar Melvær Vadøy, Tommi Raty, Geir Arne Myren. Bak fra Venstre: Arbeidsgiver i senter for bygdekultur Helle Hundevadt, faglig ansvarlige i Dovre Handverksenter Steinar Moldal , sensor fra Norsk handverksutvikling Jarle Hugstmyr, faglig ansvarlig fra Geitbåtmuseet Jon Bojer Godal. (Foto: privat.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *