Det har kome inn over 40 innspel til stortingsmeldinga om bygningspolitikk. Meldinga skal leggjast fram for Stortinget hausten 2011.
Brei interesse
Både byggjenæringa, interesseorganisasjonar, forskingsmiljø og enkeltpersonar har meiningar om kva stortingsmeldinga bør innehalde. Innspela spenner over ei rekkje område, men mange er opptekne av:
• Energieffektivisering av eksisterande bygg
• Tilgjenge og universell utforming
• Samordning og forenkling av statlege verksemder, verkemiddel og regelverk
• Kompetanse og utvikling i byggsektoren
Departementet tek no alle innspela med seg i det vidare arbeidet med meldinga.
Innspela kan lesas på departementets heimeside.