
Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.
Ahmed si store reise
For sju år sidan stod han redd og rådvill som femtenåring i eit krigsherja Somalia. No har han sveinebrevet og er tømrar på Voss.
Vi var med då prøvenemnda kom for å vurdere sveineprøva hans ein dag i haust.
Ein nervøs Ahmed Nur Mohamed Ahmed (22) står og ventar på domen frå prøvenemnda. Han står saman med Geir Ystanes og Rune Smistad, båe sensorar i prøvenemnda for Hardanger.
Dei er i eit nytt hus på Voss, der Ahmed har bygd eit soverom frå grunnen av, og som dei no inspiserer og vurderer. Godkjenner dei soverommet, får han sveineprøven og kan kalla seg tømrar.
Dei finn nokre småting å pirka på, men etter berre eitt kvarter, verkar dei overtydde. Sensorane smiler litt, fiklar fort med nokre papir, og så reinskar Ystanes stemma.
– Gratulerer, du har bestått!

Det vert god stemning når Ahmed får melding om at han har greidd fagprøven. Til venstre Rune Smistad og Geir Ystanes, sensorar for prøvenemnda Hardanger.
Pustar letta ut
For dei aller fleste lærlingar er dette ein augneblink dei alltid vil hugsa, og som dei på førehand har vore svært spente til. For Ahmed har det vore ekstra spennande. Han har ikkje berre teke sveinebrevet sidan han kom til Voss, men også lært seg eit heilt nytt språk, lært seg å forstå ein ny kultur, takla eit nytt klima og fått seg nye vener. Alt dette på berre nokre få år.
Det fyrste Ahmed gjer etter at Ystanes og Smistad har gratulert han, er å pusta letta ut. Fleire gonger. Han kastar ikkje hjelmen i taket, eller hoppar rundt, men han pustar djupt ut, og augo smiler saman med munnen. Han er glad og letta.
Det er også arbeidsformannen Thomas Narheim ved Hemre Bygg AS, der Ahmed har vore lærling i to år.
– Har verkeleg måtta arbeida
– Det er alltid kjekt med lærlingar som tek sveineprøven og kjem seg inn i arbeidslivet. Litt ekstra spesielt er det nok med Ahmed, sidan han har den historia han har. Han har verkeleg måtta arbeida hardt og målretta og over lang tid for å koma dit han er i dag. Han har både iveren og talentet for arbeidet, og han likar å jobba. I tillegg har han måtta læra seg språket vårt, og mykje anna på ganske kort tid. Me er imponerte over han, og veldig glade for at han har greidd dette, seier Narheim.

Fleire har fylgt Ahmed på vegen mot utdanninga. Tre av dei står rundt han på dette biletet: Frå venstre: Lærarane Per Bergsland og Bjarne Bolstad ved Voss vidaregåande skule. Til høgre: Arbeidskollega og kompis Ådne Kalstad.
Flykta frå krig
Mora til Ahmed kom fyrst til Voss, det var i 2011. Heime i Mogadishu var faren, Ahmed og tre sysken. I lengre tid hadde dei måtta flykta frå heimen sin grunna krigskonfliktar og terror. Dei måtte bryta opp, flykta, finna ein ny stad å bu, bryta opp, og flykta vidare. Dei levde eit slitsamt og skremmande liv som dei måtte koma seg bort frå om borna skulle ha ei framtid.
I 2013 greidde foreldra å få borna over til Noreg, til mora på Voss. Då byrja Ahmed i niande klasse på Vangen skule. Deretter gjekk han fyrste året på vidaregåande, men her vart lærekurva så bratt for den unge guten, at han valde å gå fyrste året ein gong til. Deretter var han klar for andre året, og etter det fekk han læreplass hjå Hemre Bygg AS.
Der har han gått i lære i to år. Den siste tida har han brukt på fagprøven, der finalen er ei veke med sjølvstendig arbeid, dels teoretisk og dels praktisk, som skal syna at han er verdig ein tømrartittel.

Arbeidsformann ved Hemre Bygg AS, Thomas Narheim, feirar med Ahmed.
Takksam for god hjelp
Det meiner alle rundt han at han er, og no har han papira på det. Berre nokre minutt etter at sensorane har sagt sitt, troppar lærar Bjarne Bolstad og miljøfaglærar Per Bergsland opp i huset i Fennavegen. Dei spring inn over det halvferdige golvet og rett bort til Ahmed for å gratulera han. Ingen av dei har noko særleg til pokerfjes; dette rører dei rett og slett.
– Gratulerer! Kjempebra, eg har kake, seier Per og spring ut att i bilen.
– Dei har hjelpt meg heile vegen, seier Ahmed takksamt.
– Dei har hjelpt meg fram. Det har også Leif Johan Mandelid, Kåre Tveite og Øystein Fenne. Og arbeidsgjevaren min. Der jobbar også Ådne Kalvik, som har vore ein veldig god arbeidskamerat og ven som har hjelpt meg svært mykje med både språk og arbeid undervegs, seier Ahmed.
– Voss er plassen
Det er mykje å ta inn på ein gong, og han verkar noko overvelda. Men pustar ut på same viset, med djupe trekk, som om han landar noko stort inni seg. Han smiler ut i lufta. No skal han nyta dagen, og så kjem det nye dagar. Nye hus som skal byggjast. Nye faglege knep som skal lærast. Men Voss er ikkje lenger ein ny stad, det er hans stad.
– Eg har valt rett yrke, og Voss er den beste og einaste staden for meg. Her vil eg bu og her vil eg jobba og læra så mykje som råd, seier han.
Det kjem han til å gjera i det vidare for Hemre Bygg, der han alt har fått fast jobb, gjeve at han stod på sveineprøven. Ikkje rart han pustar letta ut.
Voss har fått ein ny tømrar.
Artikkelen er tidligere publisert i lokalavisa Hordaland, og blir gjengitt etter avtale med avisa og artikkelforfatteren.
Arbeidsgjevaren: Ahmed er ein dyktig tømrar
– Ahmed er ein dyktig tømrar som er ivrig og går rasande fort fram i det faglige, konstaterer Bjarne Hemre, daglig leiar i Hemre Bygg AS.
– Han tar fort til seg det han får innføring i innan tømrarfaget, og leverer høg kvalitet på finarbeidet. Dessutan er han arbeidssom og kan jobbe på laurdagar om det trengs, fortset Hemre.
Firmaet han leiar har 30 tilsette, og dei utgjer eit fleirkultururelt miljø. Om lag halvparten av dei tilsette har utanlandsk opphav.
– Vi vil gjerne rekruttere lokalt, men det er eit problem i næringa vår å få tak i dyktige norske handverkarar. Mange av dei tilsette er dyktige polakkar, men dei manglar noe som er viktig her, blant anna brann og lyd og bygging av stillas, forklarer Hemre.
Firmaet har mye å gjere i lang tid framover. Det dreier seg om å bygge bustader i eigen regi og mange oppdrag for andre, blant andre for skisenter og turistnæringen.
Hemre Bygg AS forhandler Norgeshus og er medlem i Byggmesteforbundet .