Som næming er du i arbeid frå første dag og får opplæring i handlingsboren kunnskap. (Illustrasjonsfoto: Nordmørsmusea)

Nordmørsmusea søker to unge tradisjonshåndverkere

Har du svennebrev og vil utdanne deg til tradisjonshåndverker på Nordmørsmusea? Nå skal to nye næminger ansettes i tre år.

Dette er en unik mulighet for unge engasjerte tømrere til å spesialisere seg innen tradisjonshåndverket, skriver Nordmørsmusea i utlysningen.

Kva er ein næming?

Nordmørsmusea søkjer to nye næmingar med arbeidsstad Geitbåtmuseet – Husasnotra, i Heim kommune. Stillingane er 100 % over 3 år, med avsluttande byggeprosjekt og dokumentasjon i samband med dette. Næmingeprosjektet er ei treårig ordning for spesialisering av handverkarar ut over sveinebrev, i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap.

For å få godt handlag med verktøya trengs det mange timar med øving, og det er dette vi legg vekt på i næmingetida. Husasnotra er særleg tufta på det nære samarbeidet med Jon B. Godal og arven etter dei tradisjonsberarane han dokumenterte på 80- og 90-talet. (Illustrasjonsfoto: Nordmørsmusea)

Kva er ein næming? Ordet stammar frå næm, som i lærenæm, og er sagt om ein person som lett tek til seg ny kunnskap.

– Som næming er du i arbeid frå første dag og får opplæring i handlingsboren kunnskap med tid for refleksjon, øving og kursing undervegs i næmingeperioden. Nordmørsmusea vil overføre kunnskapen om korleis vi bygger med hjelp av dei eldste byggesystema. Det vil seie at vi er nøydde til å felle skog og bearbeide material sjølv. Til dette brukar vi ulike handverktøy slik det vart gjort i generasjonane før oss, skriv Nordmørsmusea.

Spisskompetanse

Nordmørsmusea har målsetting om spisskompetanse på kystkulturen – med naust, brygger og båtar, og vi utfører arbeid på freda og verna bygg. I tillegg vil det bli bygd nybygg som eigne definerte læreprosjekt der næmingane får meir og meir sjølvstendig ansvar. I opplæringa fokuserer vi mellom anna på

· overføring av handlingsboren kunnskap

· laft, stavline og andre tradisjonelle reisverk, tekking og kleding

· plukkhogst og behandling av virke på rot

· saging i samarbeid med lokale aktørar

· vassgått og naturtørka virke

Som lærestad samarbeider vi og med andre utdanningsinstitusjonar som NTNU og fagskule.

Krav til deg som søkjar

· Du er mellom 25-35 år, kandidatar i andre aldersgrupper vil bli vurdert.

· Du har sveinebrev i tømrarfaget. Yrkeserfaring, realkompetanse tilsvarande svein i faget vil og bli vurdert.

· Du har grunnleggjande interesse for tradisjonell tømring/bygningsrestaurering.

· Du har lyst og evne til å rettleie og lære bort til andre.

· Du har god samarbeidsevne og kan jobbe godt både ilag med ei gruppe og åleine.

Vi stiller med

– eit unikt læringsopplegg etter anerkjend metode.

– eit kunnskapsrikt og kreativt arbeidsmiljø.

– løn etter tariffavtale.

Les mer om stillingen og søk her. Oppstart i stillingen er 1. oktober 2025.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *