– Her har kommunen gått føre som eit godt eksempel, og som fleire kan følgje. Eg har fått opplyst at områdeplanen for Fagerheim blei oppheva i juni, og at arealet skal førast tilbake til landbruks-, natur- og friluftsområde i komande kommuneplanprosess, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad ved utdelinga av jordvernprisen 2023 mondag.
Auka merksemd om jordvern
Opprettinga av ein jordvernpris er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og eksempel på tiltak, planar og strategiar. Prisen kan delast ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune, og skal bestå av eit diplom og ein passande merksemd. Juryen har i år vurdert 5 nominerte kandidatar.
Ny nasjonal jordvernstrategi
Regjeringa la nyleg fram ein ny nasjonal jordvernstrategi som Stortinget handsama i juni i år. Denne strategien inneheld eit nytt og skjerpa mål for omdisponeringa av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. Målet for omdisponeringa av dyrka mark er no sett til maksimalt 2 000 dekar per år (ned frå 3 000 dekar), og skal bli nådd innan 2030.
Ikkje attraktivt til bustader
– Fagerheim var ikkje rekna som eit interessant bustadområde. Det ligg for langt nord i kommunen, og det har ikkje vore etterspurnad etter tomter der, kommenterer Frode Severinsen, leiar i Byggmesterforbundet Haugesund.
Han ser fram til at nabokommunane Tysvær og Karmøy legg ut nye bustadområde som det lenge har vore stor interesse for. Dei aktuelle områda er anten lyngheier eller beiteområde, ikkje dyrkbar mark, understreker Severinsen.