Det var NAV-direktør Sigrun Vågeng og administrerande direktør Kari Sandberg i EBA som skreiv under avtalen da partane var samla på anleggsbrakka hjå anleggsfirmaet Betonmast på Økern.
Må gjere meir
– Vi byggjer landet. Men det er frustrerande å sjå at ein stor del av befolkninga står utanfor arbeidslivet, samstundes som vi i bygge- og anleggsnæringa akutt treng folk, sa administrerende direktør i Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA), Kari Sandberg.

Avtale med mål
Auka arbeidsgjevarkontakt er eit av fleire verkemiddel i regjeringas inkluderingsdugnad. Hensikta med den nasjonale avtalen mellom NAV og EBA er at verksemdene i EBA kan få dekka sitt behov for arbeidskraft og at fleire arbeidssøkarar registrert hjå NAV kjem i jobb.
Intensjonsavtalen omfattar samarbeid om rekruttering, inkludering og kvalifisering av arbeidssøkarar.
EBA er ei bransjeforening for 245 medlemmar med til saman 25 000 tilsette. Og næringa treng fleire arbeidarar – opp mot 8 000 nye fagarbeidarar årleg.

– NAV si hovudoppgåve er at fleire med nedsett arbeidsevne og hol i CV-en kjem i arbeid. Vi har fleire slike avtalar no og målet med dei er å dekkje arbeidsgjevarane sine behov for folk. Vi set pris på at ein stor aktør som EBA ønskjer eit slikt samarbeid, sa NAV-direktør Sigrun Vågeng.
Ho la til at det ikkje er eit mål i seg sjølv med mange avtaler, men at kvaliteten på samarbeidet er det viktigaste.
Innlands arbeidskraft
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie gratulerte etter signeringa og sa at ho kjem til å følgje med.
– Vi må bruke dei gode tidene på arbeidsmarknaden til å mobilisere innanlands arbeidskraft. Eg er difor glad for at seriøse verksemder blir med på inkluderingsdugnaden og forpliktar seg til å sjå til NAV først, sa Hauglie.
– Eg vonar fleire arbeidsgivarar ser at det kan vere lurt å kika til NAV før dei ringer utanlands. Vi har óg lagt mange nye verkemiddel på bordet, så her er mykje god hjelp å få.