
Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.
Stor takvøle på Skrivargarden
Skrivargarden på Hesthamar ved Hardangerfjorden var i ferd med å ramla ned. No kjem ei stor og utfordrande vøle på plass så autentisk som mogleg.
Av: Mette Bleken
Det var på høg tid. Takkonstruksjonen var så dårleg at sterk vind eller mykje snø kunne gjort at huset kollapsa.
– Det er nesten ufatteleg at det ikkje allereie har kollapsa, slår byggmeister Haakon Kvestad fast.
– Me var nøydde til å sluttføra restaureringa av huset. 2,7 millionar er mykje pengar. Utan tett og solid tak vil ikkje vøla som allereie er gjort, vera mykje verdt. Men kor dårleg det stod til i øvste del, var me ikkje klar over, seier Otto van Etten, styreleiar i Stiftinga Hesthamar Skrivargard.

– Me har fått velviljuge bidrag frå fleire og manglar enno litt. Men det kjem, forsikrar van Etten som har stått for søknadar for å redda kulturminnet.
Redda kulturhistorie
– Dette er eit fagleg interessant prosjekt for oss, seier byggmeister Kvestad.
– Dessutan er det hyggeleg å bidra til å redda ei kulturhistorisk unik bygning. Det er òg kjekt å oppleva at dei ulike partane; oppdragsgjevar, vernestyresmakter, fylket og bygningsfolk fungerer som eit team.
– Kva er det med oppdrag som krev løysingar utanom moderne lærebøker?
– Det er interessant å løysa utfordringar – og dei dukkar stadig opp – gjerne i fellesskap med andre fagfolk. Ha dialog om prosessen. Det er tilfredsstillande å finna løysingar der det ikkje nødvendigvis er ein fasit. Og å få dei godkjende frå øvste hald; det er inspirerande. Når me ser kva som er gjort av vøler opp gjennom tidene, har ikkje alt vore til utbetring og styrking. Heller tvert om, meiner Kvestad.

Detalj frå taket slik det var. (Foto: Otto van Etten)
Hardanger og Voss museum har vore god partnar. Til dømes med restaurering av vindauge.
Skrivargarden består av fleire «tømmerkasser» som er usymmetrisk plasserte. Mellom anna på grunn av ustabil grunn, har det vorte sig.
Etter drenering og anna sikringsarbeid, står det no støtt. Van Etten og Kvestad tek oss med opp på loftet, der nye taksperrer står tettare enn dei gamle, og det har kome på plass berebjelkar, bjødnarygg, som fungerer etter hensikta.

(Foto: Mette Bleken)
Hanabjelkene var borte
– Det som har skada mest, er at hanabjelkene, dei som bind taksperrene saman, ein eller annan gong er fjerna. Dermed har veggane vorte pressa utover og taket sige, forklarer dei to entusiastane og viser sig på 20–30 cm på midten av huset. Dei opphavlege bjelkane er og underdimensjonerte for eit så stort og flott hus.
– Kvifor?
– Det kan ha med tilgang på material og med kunnskap og erfaring å gjera, svarar byggmeisteren.
Kvestad fann ei løysing på dette, seier van Etten, som er strålande nøgd med ein kreativ byggmeister og med at fylket også såg det geniale i teknikken.
No står nye taksperrer tettare enn dei opphavlege, som har fått fylgje av laskesperrer. Slik får dei gamle leve vidare, men med naudsynt støtte.
To millionar til ei «perle»
At Skrivargarden vart tilgodesett med to av sju millionar som fylket har til rådvelde for slike prosjekt, seier sitt om korleis vernestyresmaktene vurderer «perla på Hesthamar», seier van Etten som samstundes viser til klare bod og at huset skal brukast til ulike arrangement for ålmenta.

Antikvariske føringar seier at det som er brukande, skal brukast opp att. Det vert gjort så langt som råd er. Og arbeidet skal utførast så autentisk som mogleg.

Handhøvla panelbord
Panelet er skifta på alle veggane no. Den er skore på oppgangssaga i Herand og hjå Johannes Heradstveit i Tørvikbygd. Borda er høvla for hand for å få rette profilen. Og sjølvsagt brukar handverkarane spesialspiker til det unike bygget.
Med isolasjon i tak og på loft, vert det meir stabilt klima i huset og dermed mindre fukt. Det vil òg gjera det mindre attraktivt for den plagsame makken å finna fotfeste igjen.
Då me tok turen, var bas Ole-Kristian Hatlen og lærling Kjetil Sneeggen i ferd med å legga sutak.
– Kjekk jobb og mykje klatring opp og ned i høgda, seier dei.

Byggmeister Haakon Kvestad AS har spesialisert seg på gamle handverksteknikkar og etter kvart opparbeida seg stor kompetanse på det meste frå helletak til det tømrartekniske.

Når både sjefen og fleire av dei tilsette – deriblant bas Hatlen – er genuint interesserte i det handverksmessige og gamle teknikkar, har dei eit godt utgangspunkt for bygg som treng vøling
Med denne vøla kan bygget stå i minst 300 år til, vert det sagt.
Nett det er ekstra kjekt, for om få år kan Skrivargarden feira 300 årsjubileum. Det er ei historisk viktig bygning det er stor semje om at ein bør ta vare på for ettertida.

(Foto: Mette Bleken)
Så skikkelig som vi kan
– Når det gjelder tilstand, alder og kompleksiteten i bygget, vil jeg si at Skrivargarden har vært blant de mest krevende arbeidene vi har utført, sier byggmester Haakon Kvestad.
Ved Hardangerfjorden har byggmesteren fra Åkre i Hordaland fått nye erfaringer.
– Det er kjekt å ha slike prosjekter. Ingenting er helt likt, men det vil være ting som er gjenkjennelige og som vi har igjen for å mestre, sier Kvestad.
Arken midt på takflaten var en altfor svak konstruksjon.
– Midten på bygget hadde glidd fra hverandre og hele takkonstruksjonen var i ferd med å skli ut, forklarer byggmesteren.
Slik hadde bygget stått i hundre år eller mer og mange bygningsdeler hadde satt seg. Kvestad og tømrerne jekket opp bygget og gjenopprettet konstruksjonen. En krevende oppgave som Kvestad har erfaring med.
– Vi jobber primært i privatmarkedet med våningshus, driftsbygninger og den type arbeid. Men de siste årene har flere kommet til oss for å få ivaretatt sine eldre hus på en skikkelig måte, sier Kvestad. Han synes firmaet er heldig som har kommet i en slik posisjon.
For det gir mange henvendelser.
– Akkurat nå holder vi på med en avsidesliggende og fredet vokterbolig på Rallarvegen ved Finse. Den fikk vi fordi vi har jobbet for å bli kjent for å mestre disse byggene, sier Kvestad.
Skrivargarden skal være sluttført i september. Kvestad roser byggherren, Skrivargardens stifelse.
– Stiftelser kan noen ganger fremstå som litt uformelle. Men i dette tilfellet har byggherren vært veldig seriøs, effektiv og trygg for oss utførende underveis, sier byggmesteren. Han ser nå etter flere gode tømrere:
– Vi har absolutt et behov for gode fagfolk innen restaurering i Hordaland. Skal vi ta vare på mer, må flere interessere seg for dette, sier Kvestad.