- Vi er i rute med dei planlagde utvidingane,sier direktør Terje Mørland i NOKUT (Foto: NOKUT)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Nye land i NOKUTs godkjenningsordning

Frå no av er det også mogeleg for søkjarar frå dei tre baltiske landa Litauen, Latvia og Estland å søkje om godkjenning av til saman 15 yrke.

I tillegg lanserer NOKUT ei ny forsøksordning med rådgivande fråsegner for utanlandske fagskuleutdanningar, melder NOKUT i ei pressemelding.

– Sidan lanseringa av godkjenningsordninga for eitt år sidan er det no klart for den andre utvidinga, seier NOKUTs direktør Terje Mørland. – Dette er ei godkjenningsordning som alle dei tre partane i arbeidslivet har vore opptekne av å etablere, derfor er det ekstra gledeleg at vi er i rute med dei planlagde utvidingane, fortset direktør Mørland.

Les meir om godkjenningsordninga og søk

Kven kan søkje om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring?

Dette er ei frivillig ordning der enkeltpersonar kan søkje om godkjenning for den utanlandske fag- og yrkesopplæringa si på vidaregåande nivå. Godkjenninga er meint som eit hjelpemiddel for personar med opplæring frå utlandet i møte med den norske arbeidsmarknaden.

Godkjenningsordninga omfattar no fem land og 15 yrke. Yrka er valde ut i samarbeid med partane i arbeidslivet.

Personar med opplæring frå Tyskland, Polen, Estland, Latvia og Litauen kan søkje om å få godkjent fag- og yrkesopplæringa si innanfor følgjande 15 yrke: frisør, slaktar, pølsemakar, butikkslaktar, kjøtskjerar, målar, møbelsnikkar, trevaresnikkar, tømrar, møbeltapetserar, glasfagarbeidar, industrimekanikar, murar, betongfagarbeidar og røyrleggjar.

For å kunne søkje om godkjenning må den som søkjer ha ei yrkesfagleg tilknyting til Noreg. Det tyder at søkjaren anten må opphalde seg i Noreg, eller har ein arbeidsgivar som utfører arbeid i Noreg.

Meir enn 700 søknader og flest frå Polen

– I løpet av november 2017 har vi passert 700 søknader, og fleirtalet av søkjarane kjem frå Polen, seier seksjonssjef Silje Molander i NOKUTs fagutdanningsseksjon.

– Spesielt for denne godkjenningsordninga er det at kompetansen til den einskilde blir vurdert av ein sakkunnig komité, som også spesifiserer kva som eventuelt manglar for å kunne jamstille han med ein tilsvarande norsk kvalifikasjon. Dette gjer det lettare for arbeidsgivarar å tilsetje personar med rett kompetanse, og å gi tilsette tilleggskompetanse dersom det er behov for det, avsluttar ho.

Ny mellombels ordning med rådgivande fråsegner av utanlandsk fagskuleutdanning

NOKUT har fått oppgåva med å etablere ei mellombels ordning med rådgivande fråsegner om utanlandsk fagskuleutdanning. Ordninga skal bidra til at personar med fagskuleutdanning eller liknande utdanning frå utlandet får nytta kompetansen sin i det norske arbeidslivet.

I tillegg vil denne ordninga leggje eit godt grunnlag for opptaks- og fritaksvurderingar ved fagskulane.

Den mellombelse ordninga blir etablert for eitt år og vil i fyrste omgang avgrense seg til tre ulike fagretningar frå Polen og Tyskland. Desse er:
– Bygg, anlegg og KEM (klima, energi og miljø)
– Teknikk og industriell produksjon
– Helse- og oppvekstfag

Les meir om forsøksordninga for fagskuleutdanningar og søk

Bakgrunn for ny mellombels ordning med rådgivande fråsegner av utanlandsk fagskuleutdanning:

Regjeringa fremma våren 2016 eit forslag om å innføre ei ordning for generell godkjenning av utanlandsk fagskuleutdanning, jf. Prop. 95 L (2015-2016).

Det fekk full tilslutning frå Stortinget. I påvente av at lova skal tre i kraft, har NOKUT blitt gitt oppgåva med å etablere ei mellombels ordning med rådgivande fråsegner av utanlandsk fagskuleutdanning.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *