(Foto: NTNU/Steinar Hillersøy Dyvik)

Printet en paviljong

Småskala 3D-printing kan brukast til å lage bygningar og konstruksjonar, meiner forskarar frå NTNU og SINTEF.

Dei har printa ut deler av ein paviliong for å vise at ei komplisert form ikkje er vanskeleg å lage.

Paviljongen er bygd til Trondheim MakerFaire og har fått namnet «PrintShell».

Hurtig og rasjonell produksjon

Han er laga av 160 trestavar – alle unike – som er festa saman av 61 3D-printa knutepunkt, også dei unike. Trestavane varierer berre i lengda, medan knutepunkta viser ein unik kombinasjon av vinklar som presist føl forma til skalet.

På fagspråk kallast PrintShell ein «triangulert fri-form skalkonstruksjon» som kombinerer 3D-printing og arkitektur:

(Foto: NTNU/Steinar Hillersøy Dyvik)
(Foto: NTNU/Steinar Hillersøy Dyvik)

– Me har designa knutepunkt som er både lette og sterke, og deira innovative individuelle design tilet ein enkel monteringsprosess, fortel John Haddal Mork frå forskargruppa Konseptuell konstruksjonsdesign.

Bruken av 3D-printing teknologi gjør at kvart knutepunkt kan bli hurtig produsert på ein rasjonell måte.

PrintShell er parametrisk designa og produsert, noko som gjer at det same designet og dei same produksjonsprinsippa enkelt kan tilpassast kva som helst geometrisk form som består av noder og stavar.

 

annonse

Designa i Trondheim – printa i Gjøvik

Knutepunkta er produsert ved NTNU, på Additive Manufacturing laboratorium (Addlab), som heldt til i Gjøvik. Dei er produsert i eit nylonmateriale som både er sterkt og fleksibelt.

Designforskninga er gjort av to arkitektar og ein sivilingeniør frå gruppa Konseptuell konstruksjonsdesign ved NTNU i Trondheim.

(Foto: NTNU/Steinar Hillersøy Dyvik)
(Foto: NTNU/Steinar Hillersøy Dyvik)

Prosjektet markerer starten på ei spennande forskning på potensialet til 3D-printing i konstruksjonar og arkitektur.

Om «Konseptuell konstruksjonsdesign»

Forskargruppa er eit samarbeid mellom Institutt for konstruksjonsteknikk ved NTNU, Institutt for byggekunst, historie og teknologi ved NTNU og SINTEF Bygg og infrastruktur.

Gruppa undersøkjer rommet mellom ingeniørvitskap og arkitektur.

Frå venstre: John Haddal Mork, Steinar Hillersøy Dyvik og Marcin Luczkowski frå forskargruppa Konseptuell konstruksjonsdesign. (Foto: NTNU/Bendik Manum)
Frå venstre: John Haddal Mork, Steinar Hillersøy Dyvik og Marcin Luczkowski frå forskargruppa Konseptuell konstruksjonsdesign. (Foto: NTNU/Bendik Manum)

Les mer om Adlab her.

 

 

Likte du denne artikkelen? Abonner på fagtidsskriftet Byggmesteren og få bladet fullspekket med lesestoff rett i posten.

Trykk her for priser og bestilling!

Kommenter

Del denne artikkelen