Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Hyttekommune rekker ikkje byggjesaker

Hol kommune med feriemetropolen Geilo maktar ikkje å behandle byggjesaker for bustader. Mens hyttefelt blir lagt ut for nye fritidsbustader, har ein familie venta over eit år på å få byggjeløyve for ein einebustad.

Fungerande ordførar i Hol, Harald Aagaard (FrP), vil ikkje vere med på at den eine byggjesaka er ramma av kommunalt sommel. Han seier at dei tilsette på teknisk etat sit til langt på kveld for å få unna sakene.

Ei tidlegare vedteke prioritering er skyld i den lange ventetida for byggjesaka til familien som avisa Hallingdølen fortel om, seier han.

Politikarane har nemleg for fleire år sidan vedteke at byggjesaker skal bli behandla i slik rekkjefølgje: Næringsbygg, bustader og så hytter. Men sidan hyttefelt blir rekna som næring, blir desse prioritert først.

Det vil ordføraren ha endra på.
Overfor Hallingdølen gjer han det klart at hus til fastbuande er viktigare enn hytter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *