Totalt vart det 1 200 m2 med skifer, så mykje som 60 tonn, før Langesæter og dei tilsette hadde levert alt til den staselege kyrkja.
– Dette er den største skiferleveringa som har vore ut av Voss på fleire ti-år, understrekar Langesæter.
Han har spesialisert seg på skifer, held kurs og legg skifer på Voss og mange andre stader rundt om i landet. I lange tider har Langesæter også samla, kjøpt og henta skifer frå mange kantar av landet. Det kom godt med då han fekk spørsmål om å levera skifer til kyrkja. Langesæter henta ut av eige lager og fekk hjelp av Jan Olav Grevle som driv med skiferproduksjon på Voss.
Alle fem tilsette var med på å få til leveransen.
– Eg har også vore med som rådgjevar i planlegginga og tilrettelegginga av restaureringsarbeidet, fortel Langeæter.
Langesæter må skjære til, skante, noen av steinane. (Foto: Lars Olve Hesjedal)
Usliteleg tekking
– Det er mykje stein å få kjøpt på nettet, og mange trur dei sit med store ressursar, men ein god del er ikkje salgsvare. Difor kjøper eg ikkje noko stein utan å ha sett han og vurdert kvaliteten, understrekar han.
– Skifer er omtrent usliteleg. Eg har sett 120 år gammal skifer som når den vert vaska og stelt, nesten ikkje viser at den har vore i bruk. Betongtakstein har berre 30-40 års levetid. På de åra har skiferen enno ikkje nådd konfirmasjonsalderen, understrekar Langesæter.
Etter at steinen er komen på lageret, vert den vaska, sortert og det vert skore nye spikarhakk i skiferen.
– Dersom steinen er skadd, vert den skanta om til mindre dimensjonar.
Ei grundig sortering måtte til før steinen skulle opp på taket.
Kvalitet frå Voss
– Det er kvalitet det me får frå Voss, det er det ingen tvil om. Kvar skiferhelle er vaska og ordna på begge sider, så det er eit stort arbeid som Langesæter har lagt ned, seier Magnar Bøyum. Han var bas for skiferarbeidet i Akasia som sto for takrestaureringa.
Han er også glad for at Langesæter har fått tak i og kan levera så mykje som dette til Bergen.
– Det er rift om slik skifer, så dette set me stor pris på, seier basen.
Magnar Bøyum i Akasia var bas for taktekkinga.
Utfordrande rekruttering
Langesæter har drive byggmeisterverksemd sidan 1992, i lag med ein kollega fram til 2003 då han starta eiga verksemd. No har han åtte-ti tilsette og driv for det meste med rehabilitering, ein del takarbeid og noe nybygg. Firmaet tek gjerne inn lærlingar, men i mange tilfelle vel dei å gå til vidareutdanning eller andre verksemder etter sveinebrevet. Rekrutteringa blir difor vanskeleg. – Me treng stadig flinke unge som vil arbeide som handverkarar, seier byggmeisteren.
Artikkelen er gjengjeve etter avtale med lokalavisa Hordaland og journalisten.
Bergen Domkirke under restaurering.
FAKTA: BERGEN DOMKIRKE
Ei langkyrkje i stein med sideskip og skrudhus, 60,5 m lang og 20,5 m brei. Det finst restar av to eldre kyrkjer her også. Fyrste gongen ein høyrer om kyrkja, er i 1181 då den vart kalla «Olavskirken i Vågsbunnen».
Er bygd om fleire gonger. Ei omfattande restaurering skjedde i 1880-åra under leiing av arkitektane Christie og Blix.
Kyrkja har eit minne frå slaget på Vågen i Bergen, mellom engelske og nederlandske skip i 1665 – ei kanonkule er støypt fast i veggen.
Rehabiliteringa starta i 2015
Arbeidet med å rehabilitera Bergen Domkirke vart starta i 2015.
– Me tok til med ytre rehabilitering av kyrkjetårnet. Taka vart lagde på nytt. Seinare kjem innvendig rehabilitering, også der er behovet stort, fortel Arne Tveit, kirkebyggsjef i Bergen.
– Vi gjer ei helt nødvendig rehabilitering av kyrkja og legg stor vekt på å ta vare på gamle bygningsdelar der dette er mogleg. Når vi skal erstatta bygningsdelar, gjer vi i samarbeid med Riksantikvaren ei grundig avveging av kor ein kan henta materialar, understrekar Tveit.
Få full tilgang i 3 uker for kun 19,-
For å lese denne artikkelen må du være abonnent og innlogget.
Akkurat nå har vi en kampanje som gir deg full tilgang i 3 uker for kun kr 19,- deretter koster abonnementet kr 89,- pr. mnd.