Dei nye ambisjonane for energibruk i bygg blei gjort kjent i Regjeringas klimamelding.
– Heile 40 prosent av energibruken vår er i bygg. Difor vil regjeringa skjerpe energikrava i byggjereglane til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Mest kostnadseffektive tiltak
Ifølgje FNs klimapanel, er energieffektivisering av bygg eit av dei viktigaste og mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere klimagassutslepp globalt. I Noreg blir ein stor del av energibruken i bygg dekt av elektrisitet, hovudsakleg frå vasskraft. Energieffektivisering av bygg i Noreg vil kunne frigjere elektrisitet til bruk i sektorar som no brukar annan energi. Det gjer det mogleg å redusere klimagassutsleppa der. Redusert energibruk i bygg kan dessutan styrkje forsyningstryggleiken for straum.
”Melder frå i god tid”
– Mange bygg har allereie ein betre energistandard enn krava som gjeld i dag. Når vi no melder frå i god tid om endringar, reknar eg med at byggjenæringa er klar til å byggje meir energieffektive bygg om nokre år, seier Navarsete.
– Resultata frå arbeidsgruppa for energieffektivisering i bygg, som eg sette ned i desember 2009, er ein del av grunnlaget vi no skal arbeide vidare med. Vi vil også gjere fleire utgreiingar, seier Navarsete.
Les også: BNL: Betenkelig hastverk med passivhus
Klimameldingen mangler handlingsplan for byggsektoren
«Passivhuskrav allerede i 2015» (Om Arnstadutvalget)
Klimameldinga: Eksisterande bygg skal bli meir energivennlege