Byggjekostnadene opp 3,3 prosent i fjor

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 3,3 prosent frå desember 2015 til desember 2016. Materialkostnadene steig med 4,2 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,1 prosent frå november til desember i fjor, og for einebustad av tre og bustadblokk gjekk dei opp med høvesvis 0,1 og 0,2 prosent i same periode. Materialkostnadene auka med 0,1 prosent for begge bustadtypane.

Frå desember 2015 til desember 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,9 og 2,7 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,5 og 2,8 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

Les mer: Tabellar

Små endringar i byggjekostnadene i november

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *