Små endringar i byggjekostnadene i november

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,4 prosent frå oktober til november i år og var 3,2 prosent høgare enn i november 2015.

Byggjekostnadene for einebustad av tre og bustadblokk gjekk opp med høvesvis 0,3 og 0,5 prosent. Materialkostnadene for dei same bustadtypane var høvesvis uendra og minka med 0,1 prosent i same periode. Lønnsstatistikken for 3. kvartal 2016 er rekna inn i byggjekostnadene for november 2016.

Frå november 2015 til november 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,8 og 2,5 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,4 og 2,9 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

 

Les mer: Tabellar

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *