Byggjekostnadene opp 0,3% i januar

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå desember 2015 til januar 2016. Materialkostnadene steig med 0,6 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for einebustad av tre og bustadblokker auka med høvesvis 0,3 og 0,2 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig respektive 0,5 og 0,6 prosent i den same perioden.

Frå januar 2015 til januar 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med 2,2 og 1,9 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med respektive 2,8 og 2,5 prosent i same periode.

Les mer: Tabellar

Byggjekostnadene opp 2,1% i fjor

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *