Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Flest hyttekjøparar er godt vaksne

23.000 fritidsbustader skifta eigar i 2013, og det var godt vaksne par som sto for dei fleste hyttekjøpa, skriv Statistisk sentralbyrå.

I underkant av 62 prosent av hyttekjøparane var mellom 40 og 60 år då hyttedraumen vart realisert, 22 prosent var under 40 år, medan 16 prosent var over 60 år.

 

Sit godt i det

Hyttekjøparane sit godt i det økonomisk, fortel Statistisk sentralbyrå vidare. Samla inntekt etter skatt for hushald som kjøpte hytte i 2013, var i gjennomsnitt 995.000 kroner. Dette ligg langt over gjennomsnittet i Noreg, som i 2013 var 543.000 kroner.

 

Snittpris på 1,9 millionar

Kjøparar frå dei fire fylka Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland, blar opp mest når dei kjøper hytte, i snitt 1,9 millionar kroner. Landsgjennomsnittet er ein halv million lågare.

 

 

Høg inntekt – dyr hytte

Ikkje overraskande er det dei med størst inntekt som skaffar seg dei dyraste hyttene. Kvar tiande hytte kosta over tre millionar kroner. Samla hushaldsinntekt etter skatt var i gjennomsnitt 1,6 millionar kroner for dei som kjøpte hytte til mellom 3 og 5 millionar kroner. For dei som kjøpte hytte for over 5 millionar kroner, var det tilsvarande talet 2,5 millionar kroner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *