Ny bok går grundig til verks om lafting

Eit godt emne til julegåve til tømrarar og andre med interesse for lafting: Den nye boka «Om det å lafte».

Fagbokforlaget som gjev ut boka, forside_om_aa_lafte_nlanserar ho med denne pressemeldinga:

– Dette er ei bok om det å lafte.

Laftaren uttrykkjer seg i rørsler med eit verktøy mot materialar. Det er handverk. Når huset er ferdig, ligg verktyet i ro. Det er som med felespelaren. Når slåtten er låten, ligg bogen i ro. Det er kva tømraren gjer, som er temaet her. Det som er borte når huset er ferdig.

 

Variasjonar av laft

Vi har ein ufatteleg rikdom av variasjon over temaet laft og nov i tømmer her i landet. Difor kjem ikkje denne boka lenger enn til å omtala sjølve laftet. Korleis hjørna og tømmer blir til hus av ymse slag, blir tema i band 2.

Handverk er komplekst. Denne boka tek difor også for seg prinsippet om det å utøve handverk.

Tre nestorar i felles prosjekt

Boka er laga som eit felles prosjekt. Tre personar med litt ulik bakgrunn har samarbeidd. Henning Olstad er tradisjonsberaren. Han har lafta heile sitt vaksne liv og vel så det. Det er Henning som demonstrerer, les laft og forklarar det han ser. Steinar Moldal er tømrar. Han har arbeidd med dei eldre delane av tømringa sidan slutten av 1980-åra. Steinar er også god til å teikne. Han har laga dei teikna illustrasjonane. Jon Bojer Godal har arbeidd i og med tre i mesteparten av sitt vaksne liv. Han er også trena i å ordleggje seg. Jon har såleis penneført denne boka.

En kommentar til “Ny bok går grundig til verks om lafting

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *