Meir fleksible byggjereglar for eksisterande bygg

– Reglane for nybygg passar ikkje alltid for eksisterande byggverk. Difor vil vi opne for å tilpasse byggjereglane på eit formålstenleg vis, seier statsråd Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.



Det kan vere uklart kva reglar som gjeld når nokon ønskjer å byggje om huset sitt. Dei tekniske krava passar ikkje alltid, sidan dei primært er laga for nybygg. Dette gjeld til dømes når det er usikkert om delar av huset bør isolerast etter nye krav.

Berre med reell effekt

– Eg ønskjer reglar som berre slår inn om dei har ein reell effekt for byggverket og ikkje er for kostnadskrevjande, seier Navarsete.

– Dessutan ønskjer eg tydelege reglar for når kommunane kan tillate at tiltak på slike byggverk ikkje fullt ut må følgje dei tekniske krava som gjeld for nybygg. Det er mellom anna viktig å sikre at dei som bur i rasutsette område får oppretthalde ein god standard på bustaden sjølv om ein ikkje kan tillete nye hus der, seier Navarsete.

Utnytte bygningsmassen godt

Framlegget gjeld heimlar for føresegner.
Målet er å sikre lik praktisering av regelverket og god utnytting av den eksisterande bygningsmassen. Regelendringane vil hovudsakeleg klargjere tolkingar av lova som allereie følgjer av rettleiing og brev frå departementet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *