Stabile byggjekostnader i juni

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,1 prosent frå mai til juni i år. Materialkostnadene steig med 0,2 prosent i den same perioden, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Kostnadene til bygging av einebustader av tre auka med 0,1 prosent frå mai til juni i år. Dei tilsvarande kostnadene for bustadblokker heldt seg uendra i den same perioden.
Frå juni i fjor til juni i år auka kostnadene for bustader med 3,7 prosent. Byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker steig med høvesvis 3,9 og 3,3 prosent.
Materialkostnadene for einebustader av tre gjekk opp med 4,2 prosent, medan materialkostnadene for bustadblokker auka med 3,4 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeksen per 15 juni 2010

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *