Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

God hjelp til universell utforming

– Dei nye standardane for universell utforming er gode hjelpemiddel for å gje alle menneske tilgjenge til viktige bygningar, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete under lanseringa av Standard Norges nye standardar for universell utforming av arbeidsbygg, publikumsbygg og bustader.

I den nye plan- og bygningslova som etter planen skal gjelde frå 1. juli 2010, er krava til tilgjenge skjerpa. Mellom anna skal både arbeidsbygg og publikumsbygg vere universelt utforma, skriv kommunaldepartementet i ei pressemelding.
– Regjeringa vil at bygningar som gjeld alle, skal vere tilgjengelege for alle. Ingen skal måtte stoppe i døra eller trenge særskilde løysingar for å kome inn eller rundt i ulike delar av slike bygg, seier Navarsete.
Standard Norge har utvikla dei nye standardane saman med mellom anna Husbanken, byggjenæringa og interessegrupper.
– Desse standardane gjev eit kunnskapsløft for norsk byggjenæringa og er også eit viktig verkty for å følje krava i lova om diskriminering og tilgjenge, seier administrerande direktør i Standard Norge, Trine Tveter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *