Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,3 prosent, medan materialkostnadene steig med 0,1 prosent i denne perioden, melder Statistisk sentralbyrå.

Byggjekostnadene for einebustader av tre auka med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Dei tilsvarande kostnadene for bustadblokker var uendra i den same perioden.

Frå november i fjor til november i år steig byggjekostnadene for bustader med 1,5 prosent. Materialkostnadene auka med 1,2 prosent i den same perioden. Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker auka med høvesvis 2,0 og 0,6 prosent.

Lønsstatistikk for 3. kvartal 2009 er teken med i byggjekostnadene for november i år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *