Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Årets forhandlar i VestlandsHus

VestlandsHus Voss er kåra til årets forhandlar i VestlandsHus.

–VestlandsHus Voss har i mange år bygt flotte bustadar og hatt spesielt fokus på å gje sine kundar ei god oppleving gjennom byggeprosessen. Det var difor eit lett val å kåre selskapet til årets forhandlar, seier dagleg leiar Dagfinn Helsem i VestlandsHus.

Firmaet byggjer bustader med elementer frå eigen fabrikk. – Det aukar effektiviteten, og kundane set pris på det, seier Hagenson. (Foto: VestlandsHus Voss)
Firmaet byggjer bustader med elementer frå eigen fabrikk. – Det aukar effektiviteten, og kundane set pris på det, seier Hagenson. (Foto: VestlandsHus Voss)

Kåringa skjedde på landsmøtet i VestlandsHus i Surnadalen 21. mai der alle dei 47 forhandlarane var til stades.

Forhandlaren har 10 ansatte og har vore med i kjeden siden 2008.
Andre kriterium som vart lagd til grunn for kåringa, var mellom anna lokal profilering, kor gode dei var på å nytte innkjøpsordningane i kjeda, god deltaking på kurs og sjølvsagt antall solgte hus, seier Helsem.

 

 

Aktiv på sosiale media

– Vi vart positivt overraska over at det var nettopp oss som vann denne kåringa. Vi i VestlandsHus Voss er eit godt team og det gir god motivasjon når vi vinn ein slik pris, seier eigar og dagleg leiar Magne Hagenson.

– Det vi er spesielt gode på, er å bruke sosiale media som portal til kundegruppa vår. Suksessoppskrifta er å vere fysisk til stades og ta bilete i byggeprosessane, og vidare vere aktive mot å nå ut til kundar gjennom bruk av sosiale media.

– Det hjelp også på å ha ei dyktig dame på kontoret, seier Magne Hagenson om Siren Hovland som er huskonsulent

Magne Hagenson er byggmeister og nestleiar i styret i Byggmesterforbundet Voss & Hardanger.

Frå prisutdelinga på landsmøtet: Bjørg Brunstad og Jim Hansen, VestlandsHus, vinnaren Magne Hagenson, Dagfinn Helsem, dagleg leier i VestlandsHus, og Siren Hovland. (Foto: VestlandsHus)
Frå prisutdelinga på landsmøtet: Bjørg Brunstad og Jim Hansen, VestlandsHus, vinnaren Magne Hagenson, Dagfinn Helsem, dagleg leier i VestlandsHus, og Siren Hovland.
(Foto: VestlandsHus)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *